Gloppen Kunstbokmesse
Thu 10.04 at 16:00
Biblioteket i Trivselshagen
Utforsk kunstnarbøker frå heile verda, og her er det òg mogleg å ta med seg nokre eksemplar heim! Ei kunstnarbok er ei bok som er laga av ein kunstnar og er eit kunstverk i seg sjølv. Men ei kunstbok kan òg vere ein teikneserie, ei diktbok, ei bok om eit kunstprosjekt eller eit fanzine med skisser og utprøvingar – spennvidda er stor, men ein viktig fellesnemnar er at desse bøkene ikkje finst i ein tradisjonell bokhandel. Opnar 16:00 inne på Biblioteket i Trivselshagen.