Program

10.04

16:00
Biblioteket i Trivselshagen

Gloppen Kunstbokmesse

Utforsk kunstnarbøker frå heile verda, og her er det òg mogleg å ta med seg nokre eksemplar heim! Ei kunstnarbok er ei bok som er laga av ein kunstnar og er eit kunstverk i seg sjølv. Men ei kunstbok kan òg vere ein teikneserie, ei diktbok, ei bok om eit kunstprosjekt eller eit fanzine med skisser og utprøvingar – spennvidda er stor, men ein viktig fellesnemnar er at desse bøkene ikkje finst i ein tradisjonell bokhandel. Opnar 16:00 inne på Biblioteket i Trivselshagen.

18:00
Trivselshagen

Møt Kunstnarane

Kom og bli kjend med kunstnarane som deltek på Gloppen Art Book Fair: C.C., Kurt Johannessen, Karen Helga Maurstig og Anemone, med korte presentasjonar i Biblioteket.

12.04

14:00
Drop-in workshop
Tin-camp, Trivselsskogen

Opent verkstad for alle: Kva føler plantene?

Bli med på eit kreativt verkstad med utgangspunkt i plantenes følelsesliv, leia av kunstnaren Cortney Cassidy frå Chicago. Her kan du teikne, klippe, lime, skrive og utforske naturens eigne materialar rundt Tin-camp.

Alt nødvendig utstyr finn du på campen, og verkstaden er open for alle aldrar – både barn og vaksne. Du kan kome og gå fritt mellom kl. 14 og 16, og bli så lenge du vil i dette tidsrommet.

Det blir tent opp i bålpanna, og vi legg til rette for grilling av pølser.

14:00
Presentation
Dagsturhytta, Trivselsskogen

Lesestova for Kunstnarbøker om Klimakrisa

Opning av utstillinga Lesestove for kunstnarbøker om klimakrisa. Denne utstillinga er initiert og sett saman av den amerikanske kunstnargruppa Anemone, som òg er til stades i Gloppen. Bøkene kjem frå både internasjonale, norske og lokale kunstnarar.

Kunstnarane Amelia og Adam Greenhall vil presentere prosjektet og utvalet utanfor Dagsturhytta kl. 14:00.

15:00
Tin-camp, Trivselsskogen

Performance med Kurt Johannessen

Velkomen til performance av Kurt Johannessen i Trivselsskogen. Kurt arbeider med performance, bøker, video og installasjon. Sidan tidleg på 80-talet har han produsert over 300 ulike performansar, med visingar i Europa, Asia og Amerika. Performansane hans har ofte eit poetisk og minimalistisk formspråk.

Kurt sine performansar relaterer seg ofte til naturen, og han har gjennomført mange i naturområde. I skogen ved TIN-parken vil han framføre ein nyprodusert performance.

Oppmøte kl. 15.