Severina Sars Museum
SSM er eit kunstprosjekt og ei ramme for produksjon av, og refleksjon omkring, kunst og litteratur. Prosjektet vert drive av biletkunstnar Annette Kierulf og forfattar Tormod Haugland, og tek form av utstillingar, workshops og formidlingsretta arrangement, som føredrag og seminar. Dei har gjeve ut nærare 40 småbøker under logoen Severina Sars Museum, og mange av desse vert å finne på BABF 2023. Kunstnarparet har base i Bøvågen på Radøy.