Kurt Johannessen

Kurt Johannessen (f.1960) gav ut sin fyrste artists book i 1984. I 1999 oppretta han sitt eige forlag, Zeth Forlag, som alle bøkene kjem ut på. Mange av hans bøker er tekstrelatert, men nokre er laga med utgangspunkt i teikningar eller foto. Tekstarbeida er ofte fortellingar på ein setning. Dei er visuelle, poetiske, og til tider humoristiske. Han har så langt laga 142 bøker, mange med engelske utgåver. I 2013 starta han bokserien Om-noko. Det vart 19 bøker i serien og mange av dei var grunnlag for ulike performanceforedrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/bildekunst/poesi/vitskap. Seinare har han laga bildebokserier som legg seg meir mot det poetiske. I 2025 har han produsert 7 nye bøker.



